Når du kjem til Ålesund, ventar både vi, Twizyen og den vakre byen med omland på deg. Hugs berre å ta med deg førarkortet ditt og eventyrlysta – og ver budd på ei annleis oppdagingsferd.

1. Generelle vilkår
Vilkåra regulerer forholdet mellom turoperatøren eMobility AS og kunden.

2. Bestilling og betaling
Vilkåra for bestilling, betaling og depositum for endeleg betaling må avtalast med eMobility AS. Alle bestillingar er bindande. Når det gjeld transaksjonar via internett, er bestillinga bindande med det same tenesta er betalt. Sjå punkt 6 nedanfor om vilkår for kansellering av bestillingar over internett.

3. Omfanget av ei bestilling
Ei bestilling dekkjer alle tenestene som eMobility AS og kunden har gjort avtale om. Desse tenestene er skildra individuelt for kvar tur eller teneste. Det skal vere spesifisert kva kunden kan forvente i samband med tenestene. Dersom bestillinga skil seg frå programmet eller inneheld tilleggstenester, må dette bekreftast eller avtalast skriftleg på førehand.

4. Informasjon til kunden
eMobility AS er forplikta til å gjere kunden merksam på dei rettane og pliktene som gjeld mellom eMobility AS og kunden. Dette skal gjerast ved å orientere om gjeldande vilkår som kunden må vere kjend med. Spesielt må eMobility AS gjere merksam på at kunden er ansvarleg for å ha reiseforsikring/personforsikring og dei nødvendige reisedokumenta. Kundar frå utlandet må vere spesielt merksame på at det kan vere ulike reglar i Noreg og i utlandet, og dei må sørgje for å følgje det regelverket som gjeld for tenester i Noreg. Turoperatøren eMobility AS må vere klar på at han har rett til å endre prisen i enkelte tilfelle. Sjå avsnittet om endring i prisar, tenester osv.

Den som skal føre den elektriske bilen, må ha med seg gyldig førarkort for personbil. Førarkortet vert kontrollert når kunden hentar ut bilen. eMobility AS refunderer ikkje bestillingar der kunden ikkje kan vise fram gyldig førarkort.

5. Turar
Alle turar og tenester blir tilbodne under føresetnad av at det er ledige plassar i den ønskte perioden, og av at dei aktuelle vegstrekningane er opne for sesongen.

6. Kansellering av nettbestillingar for enkeltkundar
Enkeltkundar som bestiller og betaler over internettet, har rett til å avbestille turen gebyrfritt innan 72 timar før det avtalte utleveringstidspunktet.

Dersom kunden reserverer turen mindre enn 72 timar før avtalt utleveringstidspunkt, er avbestillingsfristen seinast kl. 18.00 dagen før avtalt utlevering.

Dersom kunden ikkje avbestiller innan dei fristane som er nemnde ovanfor, og ikkje møter opp til den bestilte turen, blir kostnaden ikkje refundert.

Vi anbefaler at kundane teiknar ei eiga reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunden blir så sjuk at han eller ho ikkje kan gjennomføre turen, må kunden kontakte forsikringsselskapet. Forsikringsselskapet gir refusjon så sant kunden har avbestillingsforsikring.

7. Kansellering for grupper og agentar
Ved kansellering seinare enn 72 timar før bestilt tur, eller viss kunden ikkje er til stades når turen startar, eller manglar nødvendig reisedokumentasjon, pliktar eMobility AS å krevje full pris for tenesta.

8. Endring i prisar, tenester osv.
eMobility AS har rett til å endre prisane som følgje av auke i skattar og avgifter, auke i prisar frå underleverandørar eller uunngåelege forhold som eMobility AS ikkje rår over eller hadde høve til å føresjå.

9. Pliktene til kunden
Kunden må betale avtalt sum innan datoen som er avtalt, og i samsvar med dei vilkåra eMobility AS stiller.

Kunden må ikkje vere til bry for andre reisande. Ein person som bestiller tur for ein annan person, må forsikre seg om at den andre personen klarer seg sjølv under reisa. Våre tilsette har ikkje høve til å tilby spesialassistanse til reisande som ikkje klarer seg sjølve. Dei som er på reise, må vere sjølvhjelpte i utgangspunktet eller reise saman med følgje. Dersom kunden ignorerer dette kravet, kan det føre til at han eller ho blir vist bort utan rett til noka form for kompensasjon eller refusjon av utlegg for turen. Det kan vere aktuelt for eMobility AS å krevje kompensasjon frå kunden dersom det viser seg at han eller ho med overlegg har ignorert dette kravet.

Kunden er forplikta til å ha med seg nødvendige reisedokument. Kunden har sjølv ansvaret for tap av personlege eigedelar (reiseforsikring).

10. i. Retten eMobility AS har til å kansellere turar
Turoperatøren kan kansellere turar av desse årsakene:

  • dersom det skjer hendingar som eMobility ikkje har kontroll på, og som eMobility heller ikkje kunne føresjå på det tidspunktet då bestillinga blei gjort
  • dersom hendingar som krig, naturkatastrofar, epidemiar, utslepp frå industri eller liknande (force majeure) gjer det vanskeleg for eMobility å gjennomføre turen
  • eMobility AS skal informere kunden om kansellering så snart som råd. Dersom ein tur blir kansellert, har kunden rett til full refusjon av billettprisen (dersom billetten er betalt på førehand). Kunden kan ikkje krevje noka form for kompensasjon utover dette, med mindre kunden har lidd tap som følgje av grove feil frå eMobility AS si side.

11. Klage/klagefrist
Klage på tenestene må straks rettast til representanten for eMobility AS på staden, elles mistar kunden retten til å klage. Klager som gjeld andre forhold enn sjølve tenesta, må vere melde inn seinast 15 dagar etter at kunden er komen heim, dersom det ikkje er spesielle årsaker som gjer at denne fristen må utvidast.

12. Alle rettar
eMobility AS tek atterhald om retten til å endre prisar og om feiltrykk i tekstar, bilde og informasjon på nettsidene våre. Vi tek atterhald om retten til å gjere endringar som dukkar opp etter at trykksaker, tidsplanar osv. er produserte. Vi tek også atterhald om retten til å gjere endringar i prisar og vilkår.

Desse vilkåra er regulerte av norsk lov og skal tolkast i samsvar med norsk lov. Vilkåra er ferda ut på norsk, med engelsk omsetjing. Dersom det oppstår konfliktar om korleis vilkåra skal tolkast, skal den norske versjonen leggjast til grunn.