Velkomen til jugendbyen Ålesund – og velkomen til ein ny, grøn og morosam måte å oppleve området vårt på!
Du kan velje mellom fleire ulike turar – du finn garantert ein som passar for deg.
Vi fortel deg mykje spennande gjennom GPS-guiden vår i bilen.

eTour Ålesund Panorama

emob-panorama

Fjellstua på Aksla

Skal du sjå den vakre byen ved havet skikkeleg, må du opp i høgda. Turen går gjennom byen og opp til Fjellstua på Aksla, der du får eit fantastisk utsyn over byen og over øyriket som Ålesund er ein del av.

Start og stopp: Storneskaia
Turen varer: 1 time
Pris: 800 kr

eTour Ålesund Highlights

emob-highlights

Fjellstua på Aksla, Borgundgavlen og Atlanterhavsparken

På denne turen skal du verkeleg bli kjend med Ålesund og området rundt. Turen går først opp i høgda til utsiktspunktet på Aksla, deretter skal du innover mot Borgundgavlen for å puste ut og kjenne litt på den historiske roa som rår der. Det gir deg styrke til å dra ut mot Atlanterhavet igjen, der du får sjå Ålesund frå den andre sida.

Start og stopp: Storneskaia
Turen varer: 2 timar
Pris: 1500 kr

eTOUR VIP

emob-vip

Med personleg guide

Ønskjer du og gruppa di ei annleis oppleving i lag? Bestill VIP-tur hos oss, og vi legg til rette for ei artig Twizy-oppleving med personleg guide. Kontakt oss for meir informasjon!