eMobility tilbyr morosame opplevingar gjennom å leige ut små, rare elektriske køyretøy i Ålesund.
Vi fortel deg stort og smått om området vårt gjennom GPS-guiden i bilane – den nye måten å reise på!

Sporlaus ferdsel

For eMobility er det viktig å vere med på å utvikle og inspirere til ein grønare og meir miljøvennleg turisme.

Kvart år kjem hundretusenvis av turistar til området vårt for å nyte naturen og utforske den vakre jugendbyen Ålesund og øyriket rundt. Dei kjem hit i små og store bilar, bussar, motorsyklar og båtar. Dette set spor etter seg.

eMobility tek miljøansvaret på alvor og ønskjer å bidra til at vi oppfyller visjonen om sporlaus ferdsel. Vi skal arbeide for ein grønare og meir omsorgsfull tankegang innanfor turistnæringa.

Når du vel å oppleve det populære turistmålet vårt med ein elektrisk farkost, er du med på utvikle ei grønare form for turisme som ikkje set spor etter seg.

Og vi kan ha det moro på vegen mot eit grønare mål!