Ei fantastisk utsikt over byen og øyriket

Skal du sjå den vakre byen ved havet skikkeleg, må du opp i høgda. Turen går gjennom byen og opp til Fjellstua på Aksla, der du får eit fantastisk utsyn over byen og over øyriket som Ålesund er ein del av. Vi er sikre på at det er helse i kvart eit blikk du sender mot horisonten, så gi deg litt tid her.

Tilbake går turen ein annan veg gjennom byen. Kanskje gir denne ferda deg meirsmak, slik at du får du lyst til å utforske byen, arkitekturen og historia nærare til fots?

Start og stopp:
Storneskaia

Turen varer:
1 time

Pris:
800 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.