Ein historisk og luftig rundtur med fantastisk utsikt

På denne turen skal du verkeleg bli kjend med Ålesund og området rundt. Turen har tre hovudstoppunkt. Turen går først opp i høgda til utsiktspunktet på Aksla, der du pustar inn det storslåtte utsynet over byen og øyriket rundt. Det er ei stor oppleving same korleis vêret er!

Deretter skal du innover mot Borgundgavlen for å puste ut og kjenne litt på den historiske roa som rår der. Det gir deg styrke til å dra ut mot Atlanterhavet igjen, der du får sjå Ålesund frå den andre sida. Vi har mykje kjekt å fortelje deg om fiskerihovudstaden på Sunnmøre.

Start og stopp:
Storneskaia

Turen varer:
2 timar

Pris:
1500 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.