Det er trygt og enkelt å køyre dei spreke el-bilane vi har i flåten vår.
Vi gir deg den opplæringa du treng, før du legg ut på tur.
Ingen CO2-utslepp, berre rein moro!

Renault Twizy

Vi har 20 spreke Renault Twizy i bilflåten vår i Ålesund. Renault kallar Twizyen for ein «urban tosetar», og han er berre som skapt for å utforske den vakre jugendbyen!

Twizyen er perfekt for store opplevingar på smale vegar og (nesten) utilgjengelege stader. Den opne kupeen gir deg vind i håret og friske nær-naturen- og nær byen-opplevingar. Sidan bilen er spesiell med to sitjeplassar etter kvarandre, er han heilt perfekt for å dele naturinntrykka med ein god venn.

Bilen er 100 prosent elektrisk, med batteri som har kraft nok til å ta deg med på rutene vi har laga for deg. Han er lett å køyre, tek liten plass og er lett å parkere. Han er også hundre prosent trygg, med trepunkts sikkerheitsbelte og airbag.

Du får garantert ei annleis oppleving i denne farkosten som verken er bil eller motorsykkel.

Den spreke og einståande farkosten kjem seg også fram der store bilar og bussar ikkje får tilgang – det er verd eit smil, det òg!

Twizy: 2 sitjeplassar

Drivstoff: 100% elektrisk

Førarkort: for personbil

Maksfart: 80 km/t