Opplev Ålesund med dei små, rare elbilane våre

Vi gir deg vår opplevingsgaranti: eit smil

Gløym fulle bussar, venting og kø – med dei spreke elbilane våre kjem du deg kjapt dit du vil. Vi garanterer ei humørfylt oppleving når du oppdagar Jugendbyen med omland på eiga hand og i ditt eige tempo!

Dei snakkande elbilane guidar deg som ein god venn rundt på dei spennande turane våre gjennom GPS-systemet i bilen.

Vi leiger ut små, morosame el-bilar som tek seg lett fram overalt – utan å setje spor etter seg.

Du kan velje mellom mange opplevingsrike turar – du finn garantert ein som passar for deg!

Brett saman kartet, legg bort guideboka og følg GPS-guiden i bilen. Vi har mykje å fortelje – på ditt eige språk.